Akuttmedisinsk avdeling/ Ambulanse, Helse Bergen
Ambulansearbeidar
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelingen er i dag organisert i 3 ambulanse seksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon.
Vi søker etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta ved Seksjon Sentrum/Øst: Eidfjord, Vaksdal (Dale), Kvam (Nordheimsund), Voss og Bergen (sentrum) og har ledig følgande stillingar:
Sentrum Ambulansestasjon:
1 stk. 46% vikariat frå 01.10.2024 til 27.01.2025
1 stk. 35% vikariat frå 01.10.2024 til 27.01.2025
Voss Ambulansestasjon:
1 stk. 100% fast stilling frå 01.09.2024
1 stk. 100% vikariat frå 01.10.2024 til 27.01.2025.
Dale Ambulansestasjon:
1 stk. 100% vikariat 01.09.2024 til 01.11.2024, med mogleg forlenging
Stillingane er ledige ved oppgitte stasjonar, men ein vil måtte pårekne å arbeide ved alle Ambulanseområda ved behov. Ved interne søkarar og overflytting kan det bli ledig ved andre stasjonar enn dei som er oppgitt. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:
* Fysisk test
* Fagleg utsjekk
* Køyreutsjekk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1 og utrykkingskøyring (kode160)
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
- Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Otto Sætre-Hansen, Seksjonsleiar, 95890490Arnt Inge Lekve, Assisterande seksjonsleiar, 90945631
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4847475238
Stillingsprosent: 100, 46, 35%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 01.09.2024