Førebygging og meistring, Ålesund kommune
August 16, 2024
Ergoterapeut eller sjukepleiar i hukommelsesteamet
Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemda førebygging og meistring. I tillegg til geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, inneheld verksemda støttekontaktteneste, seniorsenter, dagtilbod for personar med demenssjukdom, ergo- og fysioterapiteneste, og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.
Hukommelsesteamet i førebygging og meistring består av tre personar og dekker det geografiske området "gamle Ålesund".
Arbeidsoppgåver
- Det er ledig 100% fast stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Kartlegging og heilskapeleg vurdering av eldre si helse og livssituasjon
- Demensutgreiing
- Oppfølging av personar med demens og pårørande
- Oppfølging av eldre med lettare psykiske lidingar
- Leie samtalegrupper
- Planlegge og gjennomføre pårørandeskule
- Individuelle samtalar, informasjon, råd og rettleiing til eldre
- Førebyggande heimebesøk til eldre over 75 år
- Analysere og vurdere individuelle problemstillingar på tvers av fag og tenestenivå
- Bidra til nytenking og utvikling av tenestene
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller ergoterapeut
- Ønskeleg med vidareutdanning i geriatri, psykiatri/alderspsykiatri eller anna relevant vidareutdanning
- Erfaring frå arbeid med personar med demens
- God kunnskap om førebyggande arbeid retta mot eldre
- Førarkort kl. B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for målgruppa personar med demens og deira pårørande
- Du er brukarorientert
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Ei kommune med verdiane open, engasjert og modig i fokus
- Kjekke kolleger og samarbeidspartar
- Ei mulegheit til å ta del i uviklinga av tenestene i kommunen
- Stor breidde i arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, +47 908 25 952Camilla Almås, Verksemdsleiar, +47 994 93 553
Arbeidsstad
Fjellgata 426003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4846382918
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2024