Vang kommune
January 22, 2025
Fagleiar dagsenter 100 % fast stilling - 2.gongs lysing


Vang kommune har ledig 100 % fast stilling ved VHT. Stillinga er ei kombinert stilling med 50 % stilling som fagleiar for Dagsenter for personar med kognitiv svikt og Dagsenter Vangsheimen, og øvrige 50 % er knytta til institusjon eller korttid og heimesjukepleia (etter kva du sjølv ynskjer).


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge aktivitetar og vidareutvikle tilbodet i tråd med personsentert omsorg
  • Oppgåver knytt til demensteam
  • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
  • Målretta miljøarbeid med ansvar for dagleg oppfølging og gjennomføring av aktivitetar og rutinar
  • Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
  • Dokumentere i fagsystemet Profil
  • Organisering knytt til dagleg drift av dagaktivitetstilbod
Kvalifikasjonar
  • Fortrinnsvis helsefagarbeidar med norsk autorisasjon, andre med erfaring frå relevant arbeid kan også søkje
  • Ønskeleg med vidareutdanning i alderspsykiatri og demens
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
  • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy.
  • Førerkort kl. B

Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar
  • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
  • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
  • Vera motivert, engasjert og strukturert
  • Ha eit sterkt engasjement for arbeid med personar med demens
  • Ha gode evner til samarbeid
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
  • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
  • Opplæring og rettleiing
  • Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad



Kontaktinformasjon

Stine Solemsli

Leiar Vangsheimen og heimetenesta

Telefon:908 96 012

E-post:stine.solemsli@vang.kommune.no

Søknadsfrist:

26.03.2025

Vang kommune som arbeidsgjevar:
  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Vangsheimen

Vang kommune

Sted
Søk her
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.