Vaksdal Kommune
November 4, 2024
Fagutviklingssjukepleiar
Vaksdal

Om stillinga

Vaksdal kommune tar i bruk eit nytt, topp moderne helsebygg og skal samlokalisera institusjonsplassane under eit tak på Vaksdal. Her vil vi få eit samla fagmiljø av engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse. Institusjonen vil husa pasientar på langtidsavdeling, korttidsavdeling og pasientar på avlasting. Vaksdal sjukeheim har og eit ressurssenter for personar med demens. Stillinga som fagutviklingssjukepleiar i 60 % er kombinert med 40 % i turnus på sjukeheimsavdelinga. Vi ser etter ein engasjert person med eit brennande ynskje om å bidra til å auka kompetansen og driva fagutvikling innan eldreomsorga.

Arbeidsoppgaver

  • Ha overordna ansvar for kompetanseheving i form av å holda eller å planleggja undervisning og kursing av tilsette
  • Tilby fagleg rådgjeving og rettleiing
  • Ta ansvar for opplæring av nytilsette
  • Bidra i utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar
  • Vera ressursperson på fagsystem
  • Ha ansvar for oppfylging av studentar og lærlingar og vera bindeledd mellom praksis og studiestad
  • Vera pådrivar i kvalitet og internkontrollarbeid, eksempelvis ved å halda rutinar og fagprosedyrer oppdaterte
  • Bidra i oppfølging etter legemiddelrevisjon
  • Ta ansvar for og vera fagleg pådrivar for utviklingsprosjekt
  • Bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingar internt og eksternt med aktuelle samarbeidspartar
  • Vera pådrivar for, og ta ansvar for opplæring og bruk av velferdsteknologi i samarbeid med Digitaliseringskonsulent
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar og einingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • 3- årig utdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis sjukepleiar
  • Interesse, engasjement og erfaring med fagutvikling
  • Gjerne erfaring innan forbedringsmetodikk og implementering
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsevne, evne til å skapa tillit og engasjement
  • Du er strukturert, kan arbeide sjølvstendig og er ansvarsbevisst
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å skapa og oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik og opptatt av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, medarbeidarar og organisasjonen generelt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø
  • Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode
  • Du vil bli ei viktig brikke i eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige kollegaer
Team Helse

Om oss

  • I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil. Toget frå Bergen til Vaksdal brukar 26 minutt.
  • Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
  • Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
  • I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
  • Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av  Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.

Spørsmål om stillinga

Kenneth Vik

Einingsleiar

95840164

kenneth.vik@vaksdal.kommune.no


Anne Kari Helle

Avdelingsleiar

45376843

anne.kari.helle@vaksdal.kommune.no

Monika Dahle Skjerveggen

Avdelingsleiar

48880364

Monika.Skjerveggen@vaksdal.kommune.no


Søknadsfrist

8. november 2024

Jobba på  

Vaksdal Kommune

Placeringsort
Vaksdal
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.