Vågå Kommune
January 8, 2025
Fast stilling som styrar ved Lalm barnehage
Vågå




Lalm barnehage er ein kommunal tre-avdelingsbarnehage i Vågå: Humlebolet 0 – 1 år, Revehiet 2 år og Bjørnehiet 3 – 5 år som ligg ca. 12 km aust frå Vågåmo sentrum, mot Otta.  Det er ein pedagogisk leiar på kvar avdeling. I tillegg så  arbeider det både barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar.  

Barnehagen har eit flott uteområde med skogen som nærmaste nabo. Uteområdet utfordrar motorikken til barna på ulike nivå og på vinteren har vi ljosløype rett utanfor døra og ein akebakken som ungane brukar aktivt. Det er eit inngjerda  uteområde til de minste i barnehagen. Barnehagen har kort avstand til idrettsplass, lavvo, gapahuk, ishockey- og curlingbane.  Lokalane er ljose og lette med gode romløysningar og har ei personalavdeling med felles kontor for pedagogane, møterom, kontor til styrar og personalrom.

Dei kommunale barnehagane legg vekt på god informasjon, oppleving av natur- og uteliv, barnas språklege- og sosiale kompetanse og leik som pedagogisk verkemiddel. I 2025 skal alle tilsette i barnehagane og skulane i kommunen jobbe med "Kompetanseløftet" i samarbeid med SEPU med  fokus på inkluderande barnehagemiljø fritt for krenkingar.  

Med verknad frå 1.4.25 er det ledig ein spennande og utfordrande stilling som leiar  ved Lalm barnehage med  ansvar for økonomi, personaladministrasjon  og pedagogikk.  Styrar er fast medlem i rektor- og styrarkollegiet og tek del i den kommunale leiarutviklinga.

Vågå kommune søkjer  ein leiar som

· har relevant pedagogisk kompetanse for å leie Lalm  barnehage  i samsvar med lokale og sentrale styringsdokument

· er løysings- og utviklingsorientert

· har god økonomiforståing

· vektlegg systematikk og dokumentasjon, og som kan motivere tilsette, barn og foreldre

vidare i arbeidet med ein felles kultur for oppleving og læring

· kan inspirere og vise omsorg og interesse for den enkelte medarbeidar og barn

· er tydeleg og har klåre visjonar

· har godt humør og stort pågangsmot

· har stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaler.

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Hilde Reitan på tlf 48 23 41 01.

Søknadsfrist 20.01.2025

Søknad skal sendast på  elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast med elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontakt
Hilde ReitanKommunalsjef
E-post  Send e-post
Hilde ReitanMobil  482 34 101
Ansvarsområde: Barnehage, utdanning, kultur

Jobba på  

Vågå Kommune

Placeringsort
Vågå
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.