Sula kommune
Fastlege og Fastlegevikar Helseavdelinga, Sula kommune
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team. Vi har ledig både vikariat og ein fastlegeavtale.
Sula kommune har ledig fastlegeavtale tilknytt kommunelegekontoret. Listetak på 900 pasientar, men 700 pasientar på lista no. Oppstart etter nærmare avtale
Kommunen har også eit ledig vikariat for perioden 22.04.2025 - 01.01.2026. Det er ein nyoppretta avtale med listetak på 700, men den er ikkje full.
Det er ikkje knytt kostnader til oppstart av fastlegeavtalen (goodwill).
Kommunelegekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulik livssituasjon for legen. Fastlønn i inntil to år kan, om ønskeleg, tilbydast som rekrutteringstiltak i forhold til fastlegeavtalen.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon
Arbeidsoppgåver
Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdekning
Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta med inntil 7,5 time pr veke etter nærare avtale med kollegar og kommunen.
Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane deltar i vaktordninga.
Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Spesialist i allmennmedisin eller klar til å starte spesialisering LIS3
Andre relevante faglege kvalifikasjonar og relevant erfaring vil bli vurdert, sett i lys av å utfylle den totale kompetansen blant fastlegane i kommunen.
Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
Personlege eigenskapar
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr
Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
Tildeling av avtale og overtaking av praksis skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover og avtaleverk.
Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Grethe Elise Gjørvad Øen
Einingsleiar
E-post:grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen
Fastlege og HTV DNLF
E-post:Oystein.Mjelde.Aasen@sula.kommune.no
Søknadsfrist: 04.02.2025
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 700 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.
Meir informasjon om Sula kommune.