Hyllestad kommune
January 15, 2025
Fastlege til Hyllestad kommune
Hyllestad
Hyllestad kommune Omsorg

Fastlege

Hyllestad kommune har ledig stilling som fastlege frå 1.4.2025, alternativ oppstartsdato kan avtalast nærare.

Vi kan tilby fastlegestilling for spesialist i allmennmedisin eller deg som skal starte på/er i eit spesialiseringsløp.

  • Viktige og spennande oppgåver ventar for den rette kandidaten.
  • Vi er i utvikling og ynskjer å skape kultur for kontinuerleg forbetring av tenestene til beste for pasientane.
  • Vi har to legeheimlar i kontoret, samt sjukepleiar og helsesekretær.
  • Vi har felles kommuneoverlege med Sunnfjord og Fjaler kommune.
  • Vi har felles legevaktordning i SYS-IKL utanom dagtid.
  • Hyllestad er ein liten og oversikteleg kommune med ca 1280 innbyggjarar.

Det er mogleg å velje mellom privat praksis eller ordning med fastlløn. Som fastløna vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har full barnehagedekning, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Som fastlege er oppgåvene m.a.:
  • Vanlege legeoppgåver knytt til praksisen og offentleg teneste (p.t. tilsynslege sjukeheim).
  • Legevakt. Hyllestad kommune deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med fem andre kommunar. Legevakta er lokalisert i Førde, der ein har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakt blir på eigen avtale med sys-ikl. Vi tilbyr fri etter nattevakt i legevakta.
  • Listetak per no er 660 pasientar, men tal pasientar kan vi kome attende til. Gratis pasientliste - ingen oppstartskostnader.
Vi ser for oss at du har

norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedising, eller vil starte på/er i ei slik spesialisering. Du må òg ha rett til Helfo-refusjonar. Vi ønskjer oss ein lege med på laget som kan bidra til ei stabil legeteneste i kommunen.

Personlege eigenskapar, erfaringar og kommunikasjonsferdigheiter vil bli vektlagt ved tilsetting. Du må framlegge tilfredsstillande helse- og politiattest før tiltreding og ha førarkort kl. B.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linda Dalsøren Meier, tlf. 417 68 401 eller kommunalsjef Rolf Horne tlf. 469 37 412.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.  Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår eller delta gjerne på kollegatrimen om tirsdagane.

Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer

Kontaktpersonar:

Einingsleiar helse Linda Dalsøren Meier

tlf: +47 57789513

mob: +47 41768401

Kommunalsjef Rolf Horne

tlf: +47 57789515

mob: +47 46937412

Søknadsfrist: 16.02.2025

Hyllestad kommune Omsorg

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko.

Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.

Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!

Tilgjengeerklæring

Jobba på  

Hyllestad kommune

Placeringsort
Hyllestad
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.