Kvam Kommune
November 14, 2024
Helsefagarbeidar, Øysteseheimen langtidsavdeling
Øystese

Om stillinga

Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?

Me har ledig 100 % fast stilling med oppstart etter avtale. Stillinga er for tida i turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg. Me tilbyr ulike helgerotasjonar og vaktlengde.
Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu, og tilsette hos oss jobbar med å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.


Arbeidsoppgåver
  • Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar
  • Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Dagleg journalføring i Gerica
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
  • Gode kommunikasjonsevner

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

Personlege eigenskapar
  • Interesse for fagfeltet geriatri
  • Du er engasjert og positiv
  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
Vi tilbyr
  • Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
  • Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid
  • Individuelt tilpassa turnus så langt drifta tillet det
  • Du får delta på relevante kurs og møter
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Anna Marie Frøseth

Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir


Søknadsfrist:

17.11.2024

Jobba på  

Kvam Kommune

Placeringsort
Øystese
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.