Kvam Kommune
Helsefagarbeidarar, Kvam heimeteneste
Er du vår nye kollega?
Me søkjer deg som vil ha meiningsfulle dagar på jobb og kan tilby fast stilling hos oss i Kvam heimeteneste. Det er ledig 2 stillingar, begge i 80 % og ledige frå snarast. Turnus med arbeid kvar 3. helg.
- Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar.
- Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Vil du vite meir om heimetenesta følg lenke: Kvam heimeteneste
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg og praktisk bistand i heimetenesta
- Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
- Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Tenesta er under kontinuerleg utvikling og me yt tenester etter behovet til ei kvar tid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- God norskkunnskap munnleg og skriftleg, tilsvarande B2
- Sertifikat kl B
- Evne til å arbeida sjølvstendig og saman i team
- Gode kommunikasjons-/og samarbeidsevner
- God arbeidskapasitet
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Positiv og lærevillig
- Løysningsorientert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variert arbeidskvardag
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Kontaktinformasjon
Annelin Aga
Gruppeleiar Kvam heimeteneste
Søknadsfrist:
25.11.2024