Tenesteområde teknisk, Haram kommune
Ingeniør/jurist - Vatn og avløp
Vil du vere med å bygge Haram kommune?
Vi søkjer etter ein ingeniør/jurist i 100% fast stilling innanfor tenesteområde teknisk i Haram kommune. Tenesteområdet dekker fagområda vatn, avløp, veg og grønt. Arbeidsoppgåvene blir hovudsakleg innanfor vatn og avløp, men i Haram kommune har vi fokus på å gjere kvarandre gode og arbeider på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Som medarbeidar i Haram kommune vil du få faglege utfordringar og saker relatert til eit stort og variert område. I tillegg til drift av kommunale anlegg for vatn og avløp har vi oppfølging og saksbehandling innanfor private VA-anlegg, samt at vi er tillagt kommunen si myndigheit etter forureiningsregelverket.
Haram kommune er ei ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenester.
Arbeidsoppgåver
- Sakebehandling, i hovudsak innanfor forureiningslova med tilhøyrande forskrifter.
- Oppgåver innanfor drift av kommunalt leidningsnett for vatn og avløp med tilhøyrande installasjonar
- Rettleiing og informasjonsarbeid til innbyggarar.
- Oppfølging av kommunen sine oppgåver innan vassforvaltning
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant teknisk eller juridisk utdanning frå høgskule/universitet, eller tilsvarande kvalifikasjonar.
- Søkarar med god og relevant kompetanse, som ikkje oppfyller dei formelle krava til utdanning, kan bli vurdert.
- Interesse og erfaring innanfor vatn og avløp
- Førarkort klasse B
- God kunnskap om, og interesse for digitale verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- For stillingane blir det lagt vekt på at ein er personleg eigna
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Serviceinnstilt
- Strukturert og effektiv
- Like faglege utfordringar
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein nybygd organisasjon med stort potensial og flinke kollegaer
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn etter avtale. God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Camilla Waagbø Nilsen, Tenesteleiar, +47 99365692Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4776319992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2024