Vang kommune
November 19, 2024
Ingeniør vatn og avløp - 100 % fast stilling
VANG I VALDRES

Dei kommande åra har Vang kommune store og spennande prosjekt innan vatn- og avløp. Kommunen har nye investeringar framfor seg samstundes med eit auka fokus på fornying og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, og søkjer derfor etter ein ingeniør ved vatn og avløp.

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)
Arbeidsoppgåver
  • Prosjektoppfølging for investeringsprosjekt på kommunale vatn- og avløpsanlegg
  • Oppfølging av drift av kommunale vatn- og avløpsanlegg
  • HMS og internkontroll på kommunale vatn- og avløpsanlegg
  • Saksbehandling
  • Beredskap for vatn- og avløpsanlegg
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på master- eller bachelornivå, gjerne innan vatn- og miljøteknikk eller bygg og anlegg.
    • Annan formal- eller realkompetanse kan vurderast
  • Erfaring innan fagfeltet er å føretrekke, gjerne erfaring frå kommunal forvaltning
  • Kjennskap til SHA og risikostyring
  • God og relevante kunnskap innan IT, kommunen nyttar program som Komtek og Gemini VA
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
  • Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
  • Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
  • Drivande og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.


Vang kommune som arbeidsgjevar:
  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
Å bu i Vang kommune:
  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.



Kontaktinformasjon

Torstein Brekke-Dervola

Avdelingsleiar vatn og avløp

Telefon:91837898

E-post:torstein.dervola@vang.kommune.no

Ingeborg Lunde

Kommunalsjef Landbruk og teknisk

Telefon:99230305

E-post:ingeborg.lunde@vang.kommune.no



Søknadsfrist:

19.01.2025

Jobba på  

Vang kommune

Placeringsort
VANG I VALDRES
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.