Klepp kommune
April 14, 2025
Lærar
Klepp Stasjon


Undervisningsstilling ungdomstrinnet

Orstad skule har ledig stilling som lærar på ungdomstrinnet. Det er ønskelig med spansk i fagkretsen, men også andre undervisningsfag.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Orstad skule bruker smart oppvekst som skal bidra til robuste barn og ungdom som taklar det livet byr på i medgang og motgang.

I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing. Me jobbar med profesjonsutvikling gjennom Lesson Study, og me bruker læringsbrett i opplæringa. Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktlærar / faglærar
  • planleggja og gjennomføra ei variert, utforskande og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • sørgja for eit trygt, inkluderande og godt skule - og klassemiljø for alle
  • delta aktivt i profesjonsfellesskapet

Kvalifikasjonar

  • du må ha godkjent lærarutdanning med spansk i fagkretsen . Det er ønskeleg at du har fleire undervisningsfag i tillegg til spansk
  • du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
  • du er ein dyktig klasseleiar
  • du er ein trygg relasjonsbyggar med eit positivt elevsyn
  • du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
  • du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • du har godt humør

Vi tilbyr

  • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
  • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

Kontaktinformasjon

Randi Harveland
Rektor
Telefon:+47 41292877


Søknadsfrist:

09.05.2025

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Barn og unge

Klepp kommune

Sted
Klepp Stasjon
Søk her
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.