Vestland Fylkeskommune
Lærar i realfag - matematikk, fysikk og naturfag, Flora vgs
Lærar i realfag - matematikk, fysikk og naturfag, Flora vgs
Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for om lag 500 elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.02.2025 har vi ledig 100 % fast stilling som lærar i realfag; særleg fysikk, matematikk og naturfag. For søkjarar med kompetanse i andre fag som skulen tilbyr kan det verte aktuelt å undervise også i desse.
Søknadsfrist 20.11.2024.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i realfag etter kompetanse og behov. Undervisninga vil hovudsakleg vere i faga fysikk, matematikk, naturfag, eventuelt andre realfag som skulen tilbyr. Stillinga vært tillagt kontaktlæraroppgåver etter behov.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein lærar med relevant undervisningskompetanse i realfag, særleg fysikk.
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
- Positiv og engasjert.
- Fagleg og pedagogisk oppdatert
- Evne til å setje og kommunisere klart definerte mål for undervisninga
- Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
- Evne og vilje til samarbeide om planlegging, gjennomføring og evaluering
- Eit elevsyn som ser høve til vekst og læring hjå alle elevar
- Lojal mot vedtekne avgjerder
Vi tilbyr
- Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
- Utfordrende og spennende oppgaver i et utviklende fellesskap
- Trivelige kollegaer.
- Gode faglige utviklingsmuligheter
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med Avdelingsleiar Siri Bakke Heggø (tlf 97 59 34 33) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604)
Søknadsfrist
20.11.2024
Ansettelsesform
Fast
Om Vestland fylkeskommune
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.