Vang kommune
January 22, 2025
Ledige stillingar ved Vang kulturskule - kordirigent, piano, dans og teater
Vang i valdres
Fjellblom2

Vang kulturskule har 4 ledige stillingar med oppstart ila våren 25 (og frå august).

Vang kulturskule ynskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Innan musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve tilbod som dans, teater, teikning og skapande skriving.
Skulen har og som mål å forsyne dirigenttenester til kor og korps i kommunen.

Ledige stillingar i Vang kulturskule:
  • Piano - 20 % stilling frå mars
  • Kordirigent Høre mannskor og Vangskoret 25,65 % frå mars
  • Teater 15,39 % frå april
  • Dans 10 % frå august

Vang kulturskule er open for å tilpasse stillingane etter søkjaren sin kompetanse.

Les meir om kulturskulen her: https://www.vang.kommune.no/tenester/utdanning-og-kultur/kultur/kulturskule/

Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i aktuelt fag
Kvalifikasjonar
  • Relevant 3 årig høgskuleutdanning eller anna relevant fagutdanning
  • Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • God på menneskelege relasjonar
  • God på kommunikasjon med barn og unge
  • Vi søker etter medarbeidarar som er levande oppteken av musikk og formidling
  • Personlig eignaheit vil bli vektlagt

Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon

Victoria Ose

Rektor kulturskule

Telefon:90503933

E-post:victoria.ose@vang.kommune.no

Vang kommune som arbeidsgjevar:
  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
Å bu i Vang kommune:
  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Fjellblom2

Jobba på  

Vang kommune

Placeringsort
Vang i valdres
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.