Muritunet
Lege i 100 % fast stilling
Muritunet AS ligg i kommunesenteret Valldal i Fjord kommune på turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen.
Institusjonen ligg vakkert til ved fjorden omkransa av mektig natur som gir gode høve for friluftsliv. Muritunet er den største rehabiliteringsinstitusjonen på Nordvestlandet med 53 døgnplassar . Institusjonen har 65 årsverk fordelt på 88 tilsette. Meir informasjon om Muritunet finn du på www.muritunet.no
Muritunet tilbyr ei framtidsretta rehabiliteringsteneste forankra i ein visjon om å sikre auka samfunnsdeltaking for alle våre pasientgrupper.
Institusjonen har eit stort tverrfagleg miljø med legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, arbeidskonsulentar, klinisk ernæringsfysiolog og psykolog. I tillegg til den stillinga som no vert lyst ut, har legestaben pr. i dag 2 overlegar, som samla sett har spesialitetane: Fysikalsk medisin og rehabilitering og psykiatri.
Muritunet er samlokalisert med Fjord kommune si helseavdeling i Storfjord helsesenter, noko som betyr at 6-7 legar har sin arbeidsplass under same tak. Ambulansestasjonen er også i same bygg.
Arbeidsoppgåver:
• Klinisk arbeid for våre pasientar.
• Inngå som del av rehabiliteringssenteret sine tverrfaglege team.
• Internundervisning til personell og pasientar.
• Delta i forskings- og utviklingsarbeid.
Ønska kvalifikasjonar:
• Interesse og erfaring frå rehabilitering
• Vektlegg tverrfagleg samarbeid
• Erfaring med fagleg utviklingsarbeid
• Har interesse for utvikling av fagfeltet
• Behersker skandinavisk språk muntleg og skriftleg.
• Norsk autorisasjon som lege
Vi kan tilby:
• Eit spanande og utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø.
• God muligheit til fagleg utviklingsarbeid
• Rettleiing etter behov
• Lønn etter avtale
• Pensjonsavtale i KLP
Kontaktpersonar:
Elisabeth Slotsvik Kleive, Adm. dir
Mob. 900 21 923
Søknad til:
Muritunet AS,
Grandegata 58, 6210 Valldal
E-post: elisabeth.kleive@muritunet.no
Søknadsfrist: 01.11.2024
Jobba på
Muritunet
Muritunet AS ligg i kommunesenteret Valldal i Fjord kommune på turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen.