Bemanningssenteret, Helse Bergen
August 16, 2024
Medisinarstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Kysthospitalet i Hagevik
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen. Bemanningssenteret formidlar vikarar og tilkallingsvikarar til heile Helse Bergen.

Det er frå nå ledige stillingar som tilkallingsvikar for medisinarstudent med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF.

Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 22 senger og 4 operasjonsstover. Kysthospitalet ligg idyllisk til ved sjøen i Bjørnafjorden.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidet vil vere mottak, journalføring og oppfølging av pasientar som kjem til innlegging eller operasjonsklarering. Det vil også vere aktuelt med enkelte visittar på sengepost, operasjonsassistanse og LIS-vakter. Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan. I hovudsak dagarbeid 07.30 - 16.00
  • Ein blir tilkalt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Må vere under relevant medisinsk utdanning
  • Må inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos SAK
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.  
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Janne Kristiansen, Rådgiver, 48286300

Arbeidsstad

Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4846922111
Stillingsprosent: 25,76%
Fast
Søknadsfrist: 29.08.2024

Jobba på  

Bemanningssenteret, Helse Bergen

Placeringsort
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.