Vestland fylkeskommune
Ny utlysning Faglærar elektrofagKNA - Avd. EL/TIP, Vestland fylkeskommune
Ny utlysning Faglærar elektrofagKNA - Avd. EL/TIP, Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Knarvik vidaregåande skule søkjer lærar til avdeling for Elektrofag.
Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg til rette for læring og vekst for alle våre 860 elevar.
Under paraplyen elektrofag har vi også TAF/YSK utdanningen som skal lede frem til Produksjonselektronikerfaget, Automatiseringsfaget, Låsesmedfaget og Tavlemontørfaget
Arbeidsoppgåver
Faglærar elektrofag og automatiseringsfag
Planleggja, gjennomføra undervisning i klasserom og på verkstad.
Gjennomføre undervisning i tråd med læreplanar i faga
Vurderingsarbeid
Tverrfaglig arbeid og medvirke til pedagogisk utviklingsarbeid ved avdelinga.
Tett samarbeid med nærlingslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet.
Kontaklærarfunksjon kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Du har minimum fagbrev og relevant arbeidserfaring innanfor elektro, dataelektronikk eller automatisering
Du har gjerne teknisk fagskule eller ingeniørutdanning.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dette kan takast som etterutdanning.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Likar å arbeide med ungdom og oppteke av deira utvikling og læring
Kan utøve tydeleg klasseleiing og vere ein tydeleg vaksen
God gjennomføringsevne
Gode samarbeidsevner
Evne til å jobbe tverrfagleg
Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
Spennande jobb med kjekke elevar og gode kollegaer
Utfordrande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø
Tett kollegasamarbeid
Tilrettelegging for vidareutdanning og pedagogisk utdanning
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Ulrik Schütz
ass. rektor
E-post:Ulrik.Schutz@vlfk.no
Rune Nesse
avdelingsleiar
E-post:Rune.Nesse@vlfk.no
Søknadsfrist: 31.01.2025
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.