Vang kommune
Oppmålingsingeniør - 100 % fast stilling
Frist 08.12.2024
Ansettelsesform Fast
Oppmålingsingeniør - 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som oppmålingsingeniør. Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, opprettingog endring av eigedom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniørsine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker,byggesaker, konsesjonssaker m.v.
Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med deiandre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og einviktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver kan i nokon grad tilpassast søker sin kompetanse og praksis.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og rettleiing, mellom anna;
- matrikkelsaker
- adressetildeling
- seksjonering
- matrikkelforbetring/kvalitetsforbetring
- klagesaksbehandling
- delingssaker
- Oppmålingsforretningar, mellom anna;
- frådelingar og løyve
- forretning over eksisterande eigedom
- grensejusteringar
- matrikkelføring
- Rådgiving og støtte for matrikkel og kart
- Bistå ved, og kvalitetssikre kommunale grunnerverv og -sal
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-5 årig utdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan vurderast
- Kunnskap om matrikkelloven og anna relevant lovgivning/regelverk er ein fordel
- Kompetanse på bruk av ulike IKT-system, spesielt GIS er ein fordel
- Erfaring i bruk av oppmålingsverktøy er ynskeleg
- Godkjent matrikkelførerkurs er ynskeleg
- Landmålarbrev eller kompetanse som kvalifiserer til landmålerbrev er ynskeleg
- Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel
- Førarkort for personbil og bør disponera eigen bil
- Personlege eignaheit vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert, sjølvstendig og liker ein hektisk arbeidskvardag
- Opptatt av å levere tenester av høg kvalitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg og gode norskkunnskapar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og givande jobb
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
- Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Om arbeidsgiverenVang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson: Ingeborg Lunde
- Stillingstittel: Kommunalsjef Landbruk og teknisk
- Telefon: 99 23 03 05