Helse Førde HF
Overlege/psykiater
Overlege/psykiater
Psykiatri
Vil du bli vår nye psykiater?
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.
LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som
overlege.
Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingsystem er utvikla ved vår avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar
- Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
- Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
- Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykiater
- LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som overlege.
- Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Du må ha førerkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson
Navn: Sigmund Erling Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar Legar PSK
Telefon: +47 900 37 348
Jobba på
Helse Førde HF
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.