Barneverns- og helsenemnda
Sakshandsamar
Ønskjer du å bidra til å realisere eit viktig samfunnsoppdrag?
Ved Barneverns- og helsenemnda i Vestland er det ledig ei fast stilling på 100% som sakshandsamar. Nemnda i Vestland blir leia av dagleg leiar. Nemnda har syv nemndleiarar og fire sakshandsamarar. Kontorstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Generell sakshandaming av begjæringer om tvangstiltak
- Arbeid med salæroppgåver, honorar og reiserekningar
- Resepsjons- og sentralbordtenester
- Leiar- og kollegastøtte
- Økonomioppgåver, inkludert fakturahandtering og budsjett
- Digitalisering av arkiv
- Statistikkstøtte frå sakshandsamarsystemet
- Oppgåver på vegne av andre nemnder eller Sentralenheten på påregnes
Det administrative området i Barneverns- og helsenemnda er i endring. Dette innebere at oppgåvene knytt til det administrative området kan bli endra/utvida i tråd med behova til verksemda.
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant arbeidserfaring og/eller fagbrev kan kompensere for utdanningskrav
- Relevant erfaring frå sakshandsaming, gjerne frå det offentlege
- Kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Du må i tillegg:
• ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk
• tole eit høgt arbeidstempo og endringar i arbeidsdagen
• ha ansvarsfølelse
• kunne arbeide sjølvstendig
• ha gode samarbeidsevner og kommunisere godt med andre
• ha evne og vilje til å bidra inn i eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei 100% fast stilling som 1408 førstekonsulent
- Årsløna vil ligge innanfor spennet ltr. 50-57 kr 502.300,- til kr 557.100,-. For svært godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (fra lønn trekkes 2%)
- Varierte arbeidsoppgåver på et interessant og viktig fagfelt
- Fleksibel arbeidstid
Kontorstad er Fortunen 7, 5013 Bergen
Slik søker du
For nærmare opplysningar om stillinga, kontakt dagleg leiar Torstein Røed på telefon 95 88 38 70.
Elektronisk søknad må sendast innan 8. september 2024 via www.jobbnorge.no. Du må fylle ut fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring, og legge ved vitnemål og attester.
Barneverns- og helsenemnda er opptatt av inkluderande arbeidsliv og vi ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb hos oss.
Med heimel i offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Når søknadsfristen har gått ut, lagar vi ei offentleg søkjarliste. Dersom du ønsker å reservere deg frå å bli ført opp på denne, må du krysse av for dette og grunngje det i søknaden din. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan imøtekome ynsket ditt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista