Haram Kommune
October 3, 2024
Tenesteleiar/rektor
Brattvåg


Vi søkjer tenesteleiar/rektor for tenesteområde integrering

Litt om oss:

Tenesteområde integrering er ei tverrfagleg teneste organisert under kommunalområdet Livsløp. Vi har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne. I tillegg buset vi familiar, einslege mindreårige og vaksne med avtale om busetting, og følgjer opp dei som har behov for vidare oppfølging.

Flyktning- og integreringsarbeidet i Haram kommune er i ein spennande utviklingsfase og det vert jobba kontinuerleg for å tilpasse tenestene til innbyggarane våre sine behov.

Vi søkjer ein innovativ, kunnskapsrik og handlekraftig tenesteleiar/rektor som vil bidra til å vidareutvikle tenestene og sikre ei framtidsretta integreringsteneste. Du vil vere ein del av eit engasjert team og få eit viktig mandat i eit fagfelt med stor samfunnsverdi.

Tenesteleiar/rektor skal leie tenesta i samsvar med kommunen sitt verdigrunnlag, strategiplanar og gjeldande lover og forskrifter. Stillinga har delegert ansvar for resultat, inkludert økonomi, personalforvaltning, fagutvikling, kvalitet og internkontroll.

Tenesteområde integrering har per i dag 7,3 årsverk, inkludert tenesteleiar/rektor. Stillinga har ansvar for både vaksenopplæringa og flyktningtenesta.

Det kan bli aktuelt å endre organiseringa av tenesta i framtida for å sikre best mogleg ressursutnytting, styrke tverrfagleg samarbeid og tilpasse oss behova i lokalsamfunnet. Fleksibilitet og evne til å leie i endringsprosessar vil difor vere viktig. Integreringstenesta skal flytte til nye lokale våren 2025, noko som legg til rette for vidare utvikling av tenesta i moderne og funksjonelle omgjevnader.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av fagområde for å sikre tidleg innsats og gode løysingar for innbyggjarar og næringsliv.


Arbeidsoppgåver
  • Leggje til rette for gode læringsprosessar, både fagleg og sosialt
  • Ha ansvar for å leie og utvikle i samsvar med gjeldande lovverk og Haram kommune sin visjon, verdiar og satsingsområde.
  • Sikre at alle tilsette får rettleiing og støtte i arbeidet med å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Sørgje for at skulen fungerer godt som organisasjon, med klare mål og effektive arbeidsprosessar.
  • Leie skulen sine retningsval og prioriteringar innanfor rammene av kommunen sine vedtekne planar og strategiar.
  • Sjå tenesta som ein del av ein større heilskap og bidra til utvikling av tenester på tvers av fagområde.
  • Styrkje og leie profesjonsfellesskapet, samt vidareutvikle ein positiv og lærande organisasjonskultur.
  • Ein må rekne med noko undervisningstid.

Ansvar og leiing:

  • Ha ansvar for den totale drifta av tenesteområde inkludering, inkludert økonomi, personal og fagleg utvikling.
  • Vere ein tydeleg, lyttande og inspirerande leiar som byggjer tillit og skapar engasjement.
  • Delta aktivt i relevante nettverk både internt i kommunen og eksternt for å fremje samarbeid og erfaringsutveksling
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet som oppfyller tilsettings- og kompetansekrav for vaksenopplæring og norsk grunnskole
  • Relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing, som til dømes skuleleiarutdanning eller rektorutdanning
  • Ønskjeleg med erfaring frå fagfeltet vaksenopplæring og busetjing av flyktningar.
  • Ønskjeleg med fleirkulturell kompetanse.
  • God økonomiforståing
  • Endringskompetanse og evne til å leie omstillingsprosessar
  • Kunnskap om, og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy
  • Kjennskap til relevante avtaleverk
Personlege eigenskapar
  • Har ein raus, tydeleg og lyttande leiarstil, og kan utøve tillitsbasert leiing
  • Er ein motiverande personalleiar som byggjer opp eit velfungerande team
  • Er oppteken av læringsarbeid og utvikling for både elevar og tilsette
  • Evne til å skape entusiasme og sette mål som fremjar utvikling og læring
  • Er ein pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling
  • Legg til rette for endringsprosessar, innovasjon og nyskaping
  • Har høg arbeidskapasitet og evne til å handtere komplekse oppgåver
  • Har god relasjonskompetanse og inkluderer både elevar og tilsette i opne utviklingsprosessar og avgjerdsprosessar
  • Har gode samarbeidsevner og etablerer godt samarbeid med fagorganisasjonar, samt interne og eksterne aktørar
  • Legg til rette for god medverknad og medbestemming i samsvar med hovudavtalen
  • Er resultatorientert, strukturert og har sterk gjennomføringsevne
  • Har erfaring med undervisning av flyktningar
Vi tilbyr
  • Spanande faglege utfordringar i ein organisasjon i utvikling
  • Moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei framtidsretta teneste
  • Tverrfagleg samarbeid og fokus på kompetanseutvikling
  • Leiing av engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Frode Bøe Hatlelid

Kommunalsjef

Telefon:92243788

E-post:frode.boe.hatlelid@haram.kommune

Søknadsfrist:09.02.2025

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

6325_2023_1_12_1320857b-a0e1-4031-a4fb-05bf6b628347

Haram Kommune

Sted
Brattvåg
Søk her
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.