Vestland Fylkeskommune
October 24, 2024
Undervisningsstilling teknologi- og industrifag - fas
Stord



Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Skulen har ledig inntil to 100 % faste stillingar innan teknologi- og industrifag. Me søkjer deg som har relevant kompetanse innan mekaniske fag og er nyfiken på ny teknologi.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i tråd med gjeldande læreplanar og forskrift
  • Oppfølging, rettleiing og vurdering av elevar i praksis
  • Samarbeid med næringsliv og opplæringskontor om formidling av læreplass til elevaneSamarbeid med kollegaer og leiing om utvikling av skulen
  • Halda seg orientert om utvikling i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har bakgrunn frå teknologi- og indistrifag, gjerne erfaring med opplæring av andre
  • Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning

Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Likar å omgåast ungdom
  • Er systematisk og nøyaktig

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer





Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Kontaktinformasjon

Per Inge Stensletten
avdelingsleiar
Telefon:99453450


Søknadsfrist:

25.04.2025

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sogndal-Sentrum bru-SSF-05164_1920- Foto_Morten__Wanvik_131221

Vestland Fylkeskommune

Sted
Stord
Søk her
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.