Tennfjord barnehage, Haram kommune
Vikariat pedagogisk leiar/ barnehagelærer
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 71 barn og 20 tilsette, fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken, fagleg, engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst? Da ynskjer vi at akkurat du skal søke på eit vikariat hos oss.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida."
Haram kommune er ei ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenester.
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si gruppe, i nært samarbeid med barnehagelærar/pedagogisk leiar og det øvrige personalet
- Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til å leie
Kvalifikasjonar
For stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkar må vidare:
- Levere oppdatert politiattest
- Jobbe i tråd med barnehagelova
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
- Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
- Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
- Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som ellers skjer på eigen arbeidsplass
- Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøter, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
- Vere ein god rollemodell
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og voksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
- Sikre barns rett til medverknad og involvering
Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Gro O. Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 186264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4844181291
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 30.08.2024