Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
November 8, 2024
Vil du bli ein del av teamet på kjøkkenet ved Askvoll omsorgssenter? Då har vi stillinga til deg

Vi har frå 01.01.2025 ledig 50% fast stilling som kokk med fagbrev.

Arbeidsoppgåver:

  • Produksjon av varm og kald mat
  • Menyplanlegging
  • Vareplassering
  • Oppvask/reinhald av kjøkken, samt førefallande arbeid på kjøkken
  • Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
  • Arbeide i tråd med lovpålagte kvalitetsstandardar
  • Kjøkkenet nyttar Mathilda som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
  • Arbeid etter 35,5t/veke og kvar 3.helg 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring frå arbeid som institusjonskokk vil vere ein fordel
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis søkje og bli mellombels tilsett
  • Må ha grunnleggjande IKT kompetanse
  • Gode norskkunskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg interesse
  • Nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Arbeide systematisk i eit tidvis hektisk miljø
  • Vere lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
  • Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt
  • Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing

 

Vi tilbyr:

  • Lokalt årleg tillegg på kr. 20 000 over tariffesta garantiløn for kokk med fagbrev
  • Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht tariff, jf. lønspolitisk plan 
  • Lokalt årleg tillegg på kr. 10 000 over tariffesta garantiløn for tilsette i kokkestillingar som jobbar helg
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtjersle, jf. Personalhandbok for Askvoll kommune
  • Arbeid 35,5 t/veke og helg
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø


Mangfaldige Askvoll

Askvoll kommune består av om lag 3.000 innbyggjarar med eigne historier og perspektiv. For å tilby teneste til alle, må dei tilsette i Askvoll kommune reflektere den breidda vi har i befolkninga. Vi veit at kompetanse og eigenskapar kan komme i mange ulike formar, og vil gjerne høyre frå deg som meiner du har noko å tilby i denne jobben. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra kan bli tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.


Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 




Link til søknadsskjema: Søk her

Jobba på  

Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter

Placeringsort
Ansök
Behöver du också rekrytera inom teknik eller infrastruktur? Se vad vi kan erbjuda för arbetsgivare inom dessa branscher här.